Sirdølen hos Sindland Boer
Les og lær...

Kan boergeita redde kulturlandskapet?

Foto: Oddvar Tjomlid
Boergeita har kort pels og hengeøyrer.
Foto: Oddvar Tjomlid

Foto: Oddvar Tjomlid
Boergeita har eit roleg lynne. Her vil ho gjerne ha ein ekstra godbil med kraftfor.
Jostein Sindland satsar på den Sør Afrikanske geiterasen. Barna Svein Rune (10) og
Ingfrid (2) kosar seg saman med dyra.

Foto: Oddvar Tjomlid

Foto: Oddvar Tjomlid
Den siste tida har fleire kje blitt fødd i Eiken. Etter 8 månader har dei ei slaktevekt på 20 kilo. Kjøtet minnar om kalvekjøt.
Foto: Oddvar Tjomlid

Foto: Oddvar Tjomlid
7 år gamle Svein Inge Sindland kosar seg med eitt av kjea som nyleg har kome til verda.
Foto: Oddvar Tjomlid

ARTIKKELTYPER
» Næringsliv
» Natur

Kulturlandskapet gror til. Det er eit stort problem, både i Sirdal og elles i landet. Kan probemet løysast ved å la ein flokk boergeit gå på kulturbeite?

av Oddvar Tjomlid


Ja, meiner Jostein Sindland i Eiken, som nå vil satse på den Sør-Afrikanske geita. Både for avl til sals, og kanhende også for utleige til bønder som ønskjer firbeint ryddehjelp.

Garden på Skeie i Eiken overtok han for 6 år sidan, og har drive med sau. Men nå er bræktinga skifta ut med mekring. Frå ein geiterase som av vekst er langt større enn dei vanlege norske geita, men med lynne «som eit lam».

-Nå satsar eg for fullt på boergeita. Eg har prøvd kasmirgeit, men den var heilt håplaus å gjerde inne. Denne rasen er det inga problem med. Eit lågt gjerde eller ein straumleidning er nok, meiner Sindland.

-Desse geitene er unike, så rolege, og i tillegg så gode til å beite på tre og rønningar.


Hengeøyrer og kort pels

Av utsjånad skil geitene seg frå den norske rasen ved at dei har hengeøyrer, kort pels og er langt større. Ei vaksen geit kan kome opp i ei vekt på 80 kilo, medan bukken kan bli 130 kilo tung. Eit nyfødt kje veg mellom 3.5-4.0 kilo. Dei blir rekna som vaksne etter 3 år. Men alt etter 8 månader, har dei oppnådd ei slaktevekt på omlag 20 kilo, dobbel så mykje som ein kan forvente av ei norsk geit. Boergeita er svært roleg og eignar seg godt som kulturlandskapspleier og til kjøtproduksjon. Rasen finns i eit uttal fargevariantar, men det er mest vanleg med kvit med brun/raudt hovud. Geita er som sauen og kyra ein drøvtyggar med fire magar. I naturen, der dyra kan velge fritt, vel geita å å beite på kratt og dekker bortimot 80 % av fòrbehovet på denne måten. Det er denne matlysten som gjer den sørafrikanske geita særs godt eigna til å halde nede vegetasjonen i utmarka. Når kratt er yndlingsføda, utfyllar ho på mange måtar sauen på beite, som føretrekk graset. Geitene beiter dessutan med stor apetitt på endel ugras som ikkje andre beitedyr eingong vurderer, til dømes høymole.

Vinterstid blir krattilgangen naturligvis dårlig, men ein god ide er å passe på å få tak i uselde juletre, granbar og kvist og kvast frå hogstfelt. Den som har ork og tid bør dessutan ta opp gamle tradisjonar med lauving, dvs å sanke og torke kvist frå lauvtre. Halm er ei god kjelde til fiber, og kan nyttast som einaste grovfòr dersom ein er nøye med kraftfòrtildelinga gjennom heile sesongen. Men brød skal ikkje geita forast med. Det fører til gjæring og mageproblem.


Størst i Agder

Dei første boergeita som Jostein Sindland fekk til Skeie i Eiken, anskaffa han i fjor. Etter kjeing har bestanden etter kvart auka til 9. Og fleire er i emning. I midten av mai blir ei ny forsyning på 40 dyr importert. 13 av desse hodyra hamnar i «sjol Eiken». Avlen føregår med Hernings beste bukk, i følge Sindland.

-Eg kjem til å satse både på sal og utleige av dyr. Me skal bli størst i Noreg gjennom Agder Boer.

At kona også har vist så stor interesse for å satse på denne geiterasen i staden for sau, er medverkande til at Jostein ivrar på å satse vidare.

Om du vil kjøpe eit kje, kostar det omlag 5.000 kroner når det er 3 månader gamalt. I løpet av 2 år kan geita få 3 kull med kje.

Barna kosar seg med dei rolege dyra i den tidlegare reidskapsbua som nå er innreda til geitefjøs.

-Eg gir dei kraftfòr av og til og leikar med dei, seier Svein Inge (7), som hugsar dei fleste namna på dyra. Geitene som er fødd i år skal ha eit namn som byrjar på A, neste år eit namn som byrjar på B og så vidare. Dette blir gjort for å ha ein enkel oversikt over årstalet dei er født.